Ein god ven frå barndom, kanskje nokon blant dine nære, ei søster eller ein bror som du hadde eller har, som du titt hugsar på, blir avgjerande for vandringa og orda sidan. Ein god relasjon blir som ein bror som lever i tanken, i draumen, blir med i daglege gjeremål, på reiser i sumartid og i einsame vinterkveldar. Kanskje bærer vi alle med oss ein bror med sterke jordnære og himmelske kvalitetar, ein bror som er vanskeleg å gripa, forstå, men som vi lengtar etter, anar, prøver å sjå i alt og alle rundt oss.
«I denne boken blir dagligdagse gjøremål og relasjoner mellom mennesker til vakker poesi.»
Janneke Greve, bibliotekar
«Ord som roper og bråker, undrer og beundrer, leikar og likar seg ilag − som brødre. Forunderleg kor dei lagar liv og slit, desse orda …»
Harry Valderhaug, politikar og forhenverande ordførar
Fred Arne Andersen (f. 1969), cand. med. frå Universitetet i Bergen, jobbar på sjukehus, har saman med familie, i kortare og lengre periodar, budd og virka i Afrika og Midtausten. Gjennom omskifte i livet har han gripe til poesien. Ei tidlegare diktsamling, Dine Augo, vart til bok i 2024.