Kvifor spring du gjennom livet? undrar forfattaren. Han skriv om tunne strå som kjempar mot kvasse vindkast og gjev oss glimt inn i naturens storleik. Diktsamlinga tek lesaren med på undringar over dei små tinga og dei store. Tankar om kva det vil seia å vera menneske, i både medvind og motvind, og om nærleiken til Gud.
«Her er mye varme, støtte og forsoning. En samling full av konfliktløsninger.»
– Kristin Lyhmann, teaterviter og dramatiker
Svein Rune Berg (f. 1968) er dovring, gift og far til to vaksne born. Han arbeider mellom anna som fotograf. Dei tunne stråa er hans første diktsamling.