Bli ord, sa han. Bli bilde, sa ho. Dei møtte kvarandre på ein sti ved sjøen. Dei bur på kvar sin kant av landet. Han sende dikt. Ho sende bilde. Dikt og bilde er sett saman til ei personleg bok om lengt, kjærleik og naturkjensle. Den blå fuglen er deira kjærleiksfugl og første bok.