I den tredje diktsamlinga til Bonenberger, skriv han om det å vera i livet, sett i det små og i det store, som i diktet Sjå ein maur der han spør; flittig liten kven er du…eller i diktet Om Gud er alt på jorda… der han undrar seg over livet og gneisten som held mennesket oppe.
Epistlane og songtekstane til Bonenberger, har mykje humor i seg, som i Syklande Birgit og Han kom og han gjekk, her er det berre å gi seg over. I songen om Plank, plank, plank, kan rockefoten kjennast.
Med dikta Klikkemeister og Selfiedikt, går Bonenberger i rette med samtida, der støy og atter støy, trengjer stilla til side.
Tittelen på boka seier sitt; Mellom jord og himmel, veks tallause blomar: Dei er du, dei er eg, dei er stjernestøv, dei er fødd til jorda, dei er verdas blomar, berre ein, er den eine deg - .
Hans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022, og kom med Høytørkeseng i 2023.