«og livet syng» speglar songen som klangbotn i ei personleg livsvandring. Med varsemd og presisjon famnar dikta både noko definerbart og noko udefinerbart i livserfaringa og livsundringa.
Tor Livar Grude (f. 1952 på Jæren) er utdanna kyrkjemusikar og musikkpedagog. Han flytta til Grimstad i 1981, og arbeidde som kantor, musikklærar, kordirigent og komponist. Som pensjonist er han framleis aktiv som korleiar og organist. Grude har tidlegare gitt ut diktsamlingane «Det sterkaste» (2009) og «Som vind og bølgje» (2020).