Butikk / Lyrikk / Utsikt
Utsikt

Utsikt

Å setja ord på kjensler er ikkje lett. Denne diktsamlinga byr på eit knippe dikt og forteljingar frå forfattarens lange liv, gjennom gode og vonde tider. Dikta handlar om kjærleik, sorg, lukke, håp, forventing og sinne, og om å få lov til å vera den ein er og kjenna seg god nok. Dei handlar om å vera utanfor dei fastlagde rammene i samfunnet, om aldri å gje opp, og om å finna fram til sine eigne ressursar og bruka dei. Forfattaren håpar at lesaren vil kjenna seg att i dikta, og at dei vil vera til hjelp når kjensler på godt og vondt skal finna ord. Boka er illustrert med forfattarens eige maleri, teikningar og fotografi. Dikt og illustrasjonar går hand i hand, og har det same symbolske bildespråket.


kr 249.00

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Grethe Kjøsnes
      Grethe Kjøsnes (f. 1968) vaks opp i Fjaler i Sunnfjord. Ho har skrive dikt sidan ho gjekk på ungdomsskulen og drøymde seg vekk i timane. Ho har samstundes alltid likt å teikna. Menneskelege relasjonar har ho vore oppteken av sidan ho gjekk på barneskulen. Kjøsnes har allsidig utdanning innan visuell kunst, historie, journalistikk og kulturkunnskap. Ho har og følgd sommarkurs på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Kjøsnes er firebarnsmor, men har samstundes jobba som journalist og skrive dikt. I 2007 tok ho opp att sitt kunstnarlege virke. Sidan då har det vorte mange utstillingar og selde maleri og teikningar. I dag driv ho eige kunstforetak.
  • Format:15 x 21
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788283980066
  • Lyrikk | 15. mai 2018

  • Forlegger: Lyrikkforlaget
  • Publiseringsdato: 15. november 2018
  • Dimensjoner: 15 x 21

Flere bøker fra Grethe Kjøsnes

Havna

Havna

kr 249.00
Utsikt

Utsikt

kr 249.00